
Sogndal Fjellandsby
— hyttetomter i det nye, snøsikre hytteparadiset
Realiser hyttedraumen i Sogndal Fjellandsby. Her i hjarte av fjord Noreg finn du eit paradis som vi meiner er like bra sommar som vinter.
Sogndal Fjellandsby er hytteområdet rundt Sogndal skisenter. No har vi lagt ut det femte byggetrinnet. Tomtene i Rinden ligg øvst i feltet, med fantastisk utsikt nedover heile Sogndalsdalen, og perfekt plassert mellom skitrekk og nedfartar.
Fantastisk vinter - fantastisk sommar
Sogndalsdalen og fjella er vinterstid kjend for puddersnø og skikøyring i bratt terreng. Men dette området er så mykje meir. Flotte famlieturar i fjellet med låg nok terskel til at dei fleste kan få turopplevingar, fisking i aurevatn, sykkeløyper og attraksjonar i verdsklasse gjer at hytteeigarar i Sogndal Fjellandsby nyttar hyttene sine like mykje året rundt
— les meir
Snøsikkert - også i framtida
Den nedbøren som kjem som regn andre stader, kjem som oftast som snø i Hodlekve. Dette har gjort Sogndal skisenter til eit av dei mest snøsirke skianlegga i landet, og det kun på natursnø.
Perfekte fjellformasjonar og nærleik til Jostedalsbreen sikrar gode snøforhold
— les meir
