12 månader
Også her i Sogndal har vi tolv månader i året…
Med hytte i Sogndal Fjellandsby kan du leige ut hytta både sommar og vinter - 12 månader i året.
Vinter
Pudderkøyrarar frå heile Sør-Norge kjem til Hodlekve og Sogndalsdalen på vinteren.
Vi opplever også eit aukande tal barnefamiliar som leiger hytter i Sogndal Fjellandsby.
Sommar
Nærleiken til Sognefjorden, Jostedalsbreen, Jotunheimen og alle attraksjonane gjer at det er lett å leige ut hytta til turistar som vil til Sogn på sommaren.
Administrasjon av utleige?
Sogndal skisenter kan hjelpe deg med utleige av hytta, alt frå booking til vask av hyttene.